torsdag 24. januar 2013

Frå mor sin synsvinkel...

Elevane i klassen har skrive korttekster på nynorsk i samband med lesinga av Skråninga. Ei av oppgåvene handla om at forteljar og synsvinkel er viktige for korleis vi forstår historia. Kapittel 1 har ein 3. personsforteljar, der synsvinkelen ligg hos faren i familien. Men kva ville vi fått vite viss nokon andre, til dømes mor, var forteljaren? Kva for tankar og informasjon ville vi då fått tilgang på?
 Lotte har skrive ein korttekst der ho har "gjeve mor røysta". I denne versjonen er mor eg-forteljaren, og det er hennar synsvinkel vi ser episoden frå. Far har nettopp slått mor, og ho flyktar avgarde til hytta.

Eg er nøydd til å dra. Eg kan ikkje vere heime lengre. Kva skal eg gjere om han gjer det ein gong til. Eg orkar ikkje tanken på å bli slått meir no. Eg tar med meg yngste sonen, vi dreg til hytta. Eg kan ikkje tenkje meg noko meir betre enn det. Kva skal eg seie til han? Eg kan ikkje seie at far din er farleg. Han treng å vite at far hans kan vere god nokre gongar også. Far er snill, men ikkje alltid. Eg er lei mannen min. Eg vil skiljast, men det vil ikkje han. Eg er nøydd til å skiljast, men eg tør ikkje seie noko meir om det. Eg vel å flykte i staden. I alle fall for ei natt.
-Vi kan dra og plukke blåbær, vil du ikkje det? spurde eg yngste sonen min. Han ville ikkje vere med, ikkje med det fyrste. Kvifor, spør eg meg sjølv. - Hadde ikkje det vore koseleg? Eg fortalde at eg hadde kjøpt godter, men han verka ikkje interessert i det heile tatt. "Kvifor," spurde han. Eg fortalde at det kunne bli koseleg, og at eg ville at vi skulle gjere noko i lag.
Vi sat oss i bilen og byrja køyre. Det tok ei stund, og så var vi framme. Eg hadde teke med meg to spann, og vi prata saman medan vi plukka bæra. Yngste sonen smilte, men eg såg han uroa seg litt. Eg ønskjer ikkje at han skal uroe seg. Eg vil at han skal vere trygg. Eg vil at han skal vere glad. Men det er ikkje lett med han far i huset. Hadde det ikkje vore for han, ville nok alt ha vore mykje betre. Eg trivest ikkje heime lengre no. Vi plukka begge spanna heilt fulle før vi byrja gå heimover mot hytta igjen. Eg og yngste sonen prata ikkje så mykje no lengre, vi gjekk og gjekk og sa ikkje eit einaste ord. Det var heilt stille frå begge munnane vår. Vi var begge to i ei heilt eiga verd. Ikkje noko å seie. Berre tenkje.

Av Lotte Midttun Bakken

1 kommentar:

  1. For et flott sammendrag! Du har virkelig adoptert Tillers særegne stil her, Lotte!

    SvarSlett